Sal, service og reiseliv på klassetur

Den 26. mai 2021 besøkte VG1 sal, service og reiseliv mellom anna glashytta Blåst, museet Polaria, Egon Restaurant og Magic Ice Tromsø, og hadde ein innhaldsrik klassetur kor dei undersøkte bybiletet innimellom stoppa. Klassen fekk i oppgåve undervegs å ta bilete som kunne nyttast i marknadsføringsaugemed.

Klassen møtte fulltalige på hurtigbåtterminalen på morgonen, og reiste med lærarane Bjørn Reynisson Grimsby og Ceila Tande. Vel fremme vart fyrste klokketimen nytta til å besøke turistinformasjonen og lære litt om utvalet deira av suvenirar, og kva for kompetanse og eigenskapar dei nyttar mykje. På veg til fyrste faglege stopp, peika vi ut kvar vi skulle ete lunsj, og stoppa på glashytta Blåst og kika litt på deira konsept med opent glasblåseverkstad.

Polaria

På Polaria vart vi tekne vel imot, og fekk ein presentasjon og spørjerunde med direktør Anne Grete Johansen, og lærte litt om korleis Polaria jobbar med marknadsføring, sikkerheit, val av suvenirar og korleis korona-pandemien påverka dei og korleis dei løyste det. Vi fekk også vandre litt i kring i utstillinga, og fekk sjå kva for planar museet har for framtidige utstillingsendringar. Vi fekk tilbod om å sjå selane verte mata, og nokre tok tilbodet, medan andre valde og kike litt i kring sentrum før lunsj.

Egon Restaurant

Klassen stimla smått om senn inn og åt lunsj saman. Etterpå fekk dei ein fristund før dei skulle samlast ved Magic Ice Tromsø. 

Magic Ice var andre faglege stopp, og vi vart tekne godt i mot av dagleg leiar Mauricio Banco. Vi fekk på engelsk ein introduksjon i kjeda si historie, kva deira forretningsmodell er, og ein demonstrasjon av produktet. Det er ei oppleving, kor ein får låne varme klede og gå inn i eit kjølerom på -5°C, og sjå ein bar, skulpturar og kunst alt laga i klar is. Med i prisen er også ein drink, alle har tilbod om mocktails og brus, dei vaksne vel oftast ei vinblanding med krekling og riesling, servert i eit isglas.

Etterpå snakka han litt om kva for kompetanse og eigenskapar dei ser etter i nytilsettingar, og kva for suvenirar dei sel og korleis dei vel kva dei skal selje.

 

Senja VGS ynskjer å rette stor takk til Glashuset Blåst, Polaria, Egon Restaurant og Magic Ice Tromsø som tok godt i mot oss og var tolsame med spørsmål og forklaringar. Klasseturen vart spesielt minnerik takka vere dykkar innsats.

Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Til toppen