Fysikken i fokus

13 elevar og 2 lærarar frå Senja videregåande reiser til Andenes Rakettskytefelt for å delta på FysikkCamp - ein del av prosjektet "Fysikken i Fokus".

Reisa, på rundt 6 timar ein veg, var heldigvis vellukka takka vere det fine vêret.

Under den fire dagane lange fysikkcampen vil elevar som har faget Fysikk 2 få moglegheit til å utforska fysikken gjennom ei rekkje spennande aktivitetar. Programmet omfattar emne som rakettfysikk, test av modellrakettmotor, numerisk baneberekning, modellrakettverkstad, reisa til Mars i simulatoren "Spaceship Aurora", nordlysforedrag, magnetfeltøving, reise til nordlyset med simulatoren "Spaceship Aurora" og rakettoppskyting.

Elevane har også hatt moglegheit til å programmere mykje i Python og bruka numerisk analyse på eigeninnsamla data frå rakettar. Dei har lært mykje om fysikk, matematikk og programvareutvikling gjennom denne opplevinga.

Space Camp gir elevane ei unik moglegheit til å bli kjent med fysikk på ein kjekk og interaktiv måte. Det er ei flott moglegheit for dei unge talenta å utforska og utvikla sine interesser og kunnskapar innan fysikk.

Kveldstur med elevane til forskingstasjonen ALOMAR. Frå venstre: Brage, Trym, Mikael, Ingram, Synne og Kristina. - Klikk for stort bildeKveldstur med elevane til forskingstasjonen ALOMAR. Frå venstre: Brage, Trym, Mikael, Ingram, Synne og Kristina. Gøran Johansen Patrik har kontroll på pakking av fallskjerm til modellraketten som vart skot opp til ei høgd på 120 meter for å utføre målingar.   - Klikk for stort bildePatrik har kontroll på pakking av fallskjerm til modellraketten som vart skot opp til ei høgd på 120 meter for å utføre målingar. G.J. Elevane har munnleg presentasjon av resultata frå rakettoppskyting. Frå venstre: Kristina, Elias og Synne. - Klikk for stort bildeElevane har munnleg presentasjon av resultata frå rakettoppskyting. Frå venstre: Kristina, Elias og Synne. Gøran Johansen Elias med dei sorte brikkene utfordrar regjerende skolemester Kristian i det som må beteiknast som verdas beste brettespel. - Klikk for stort bildeElias med dei sorte brikkene utfordrar regjerende skolemester Kristian i det som må beteiknast som verdas beste brettespel. G.J. Elevane målar og berekner jordas magnetfeltstyrke. Her får dei bruk for vektorregning i tre dimensjonar som dei lærer i matematikk R2.   - Klikk for stort bildeElevane målar og berekner jordas magnetfeltstyrke. Her får dei bruk for vektorregning i tre dimensjonar som dei lærer i matematikk R2. G.J. Utrekning av rakettlikninga må på plass før berekningar kan utførast.   - Klikk for stort bildeUtrekning av rakettlikninga må på plass før berekningar kan utførast. Gøran Johansen Utan mat og drikke duger astronauten ikkje. Frå venstre med klokka: Brage J, Trym, Jogaila, Ingram, Kristian og Mikael. - Klikk for stort bildeUtan mat og drikke duger astronauten ikkje. Frå venstre med klokka: Brage J, Trym, Jogaila, Ingram, Kristian og Mikael. Gøran Johansen Bygging av modellrakett. Her må elevane sjølve finne ut korleis dette skal utførast. Frå venstre: Brage J, Ingar og Brage W. - Klikk for stort bildeBygging av modellrakett. Her må elevane sjølve finne ut korleis dette skal utførast. Frå venstre: Brage J, Ingar og Brage W. G.J. På kvelden er det tid for poker og fotball. Elevane frå ståande med klokka: Ingram, Brage J, Ingar, Brage W, Trym, Kristina, Martin og Kristian.   - Klikk for stort bildePå kvelden er det tid for poker og fotball. Elevane frå ståande med klokka: Ingram, Brage J, Ingar, Brage W, Trym, Kristina, Martin og Kristian. Gøran Johansen Foredrag om Nordlyset. Elevane som skimtes på biletet er frå venstre: Brage W, Jogaila, Mikael og Ingar.   - Klikk for stort bildeForedrag om Nordlyset. Elevane som skimtes på biletet er frå venstre: Brage W, Jogaila, Mikael og Ingar. G.J.